Om datainnsamlingen
Openheit om partifinansiering er med på å sikre retten til innsyn og motverkar dessutan korrupsjon og uønskte bindingar.
Alle politiske parti har derfor fullstendig rekneskapsplikt og bokførings- og innrapporteringsplikt etter partilova. Unntaket er parti som har hatt samla inntekter på under 12 000 kroner etter frådrag av all offentleg støtte. Desse pliktar berre å melde inn at inntektene for året har vore under dette nivået.
Plikta til å rapportere årleg gjeld alle nivå av de politiske partia:
• hovudorganisasjon
• sentral ungdomsorganisasjon
• fylkesungdomsorganisasjon
• kommunal organisasjon
Statistisk sentralbyrå (SSB) er registerførar for innrapporteringa til partia og partiledda, jamfør partilova § 22 annet ledd og partilovforskriften §2-1. SSB legg til rette for rapporteringa, samanstiller og publiserer opplysningane. Innrapporteringa for partia skjer via eit digitalt skjema i Altinn. Frist for innrapportering er 1. juni.