Finansiering av politiske parti i Noreg
Politiske parti i Noreg blir finansiert på fleire måtar. I tillegg til å få utbetalt statsstøtte, kan eit parti ha inntekter i form av gåver og bidrag. Både private og kommersielle organisasjonar kan ønskje å gje gåver til eit politisk parti. Ifølgje partilova pliktar alle parti å gje opplysningar om bidrag og rekneskapsopplysningar. Denne nettsida gir innsyn i rekneskapane til politiske parti i Noreg.
Årlege bidrag
Her finn du alle bidrag i løpet av eit kalenderår. Oversikta blir oppdatert kvart år i september.
Bidrag i valår
Her finn du bidrag som er gitt i valår mellom 1. januar og siste fredag før valdagen. Oversikta blir løpande oppdatert.
Rekneskap
Her kan du få innsyn i rekneskapsopplysningar til parti som har ei inntekt på 12 000 kroner eller meir.